Fredric Holen Bjørdal

Managing Associate Autorisasjon: Advokat
Kontor: Ålesund

Fredric arbeider mykje med forvaltningsrett, EU/EØS-rett og regulatorisk rådgiving til næringslivet – særleg marin og maritim næring. Han har også omfattande erfaring med granskingar og arbeidsrettslege problemstillingar. Med mastergrad i leiing og Sjefskurset frå Forsvarets Høgskole er Fredric ein verdifull rådgivar i utfordrande saker og forhandlingar.

Fredric gir bistand til bedrifter om strategi, kommunikasjon og handtering av juridiske problemstillingar. I tillegg til søknads- og klageprosessar er ein sentral del av hans rådgiving å gje skreddarsydde råd om korleis næringslivet bør forstå og tilpasse seg ny lovgiving og endra rammevilkår.

Han gir vidare råd til det offentlege i komplekse juridiske saker, og har erfaring med utgreiingar og evalueringar innan ei rekkje område.

Fredric har bakgrunn som stortingsrepresentant i finanskomiteen og arbeids- og sosialkomiteen, samt erfaring frå internasjonalt parlamentarisk arbeid. Dermed har han unik innsikt i politiske prosessar og offentleg styring.

Fredric er anerkjend for sin offentlegrettslege kompetanse, og er medlem av Advokatforeiningas lovutval for forvaltningsrett. Han var medlem av ekspertutvalet for gjennomgang av Stortingets økonomiske ordningar, og er leiar av kontrollutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fredric er fast sensor og rettleiar av juridiske masteroppgåver ved Universitetet i Bergen og er ein mykje brukt foredragshaldar.

Publikasjoner

Evaluering av forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune

Folkestad, B., Bjørdal, F. H., Sandvik, E. & Aarøe, M. A. (2023). Evaluering av forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune (Rapport nr. 120/2023). Høgskulen i Volda.
https://bravo.hivolda.no/hivolda-xmlui/bitstream/handle/11250/3049633/Rapport nr. 120.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Representantforslag i Stortinget

Bjørdal, F.H. (2019). Om representantforslag i Stortinget (Perspektiv 01/19). Stortingets utredningsseksjon.
https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/utredningsseksjonen/perspektiv/perspektiv-01-19.pdf

Språk

Norsk

Engelsk