Varslar nye presisjonskrav til oppdrettsnæringa

Lesetid: 2 min

I lys av ein SINTEF-rapport om kva for potensial det er for nøyaktig kontroll av talet på laks i sjøfasen, har Fiskeridirektoratet no varsla oppdrettsnæringa om at krava til telling og presisjon vil auke.

Bakgrunnen for dei komande krava er at rapporten syner at reglane i akvakulturdriftsforskrifta om telling ved utsetting av fisk i ein del tilfelle ikkje vert følgde. Direktoratet forventar at slik telling skal gjerast, og meiner at bruken av brønnbåt med tellingsteknologi gjer at det ikkje er vesentleg meir arbeidskrevjande å gjennomføre.

Ein konsekvens av manglande kunnskap om talet på fisk i sjø, gjer i følgje direktoratet at det vert meir krevjande å halde oversikt over kor mykje fisk som har rømt.

Rapporten syner samtidig at det stadig vert observert mindre rømt fisk i elvane, og Sjømat Norge seier til Dagens Næringsliv at næringa gjer det ho kan for å få nøyaktige tellingar.

Det er i skrivande stund uklart kor krevjande dei nye krava vert for næringa. Det er klart at krava vil kome i forskrifts form, og forskrifta må derfor på høyring etter at departementet har utarbeidd sitt forslag.

Kvale vil anbefale næringa å bidra i høyringa gjennom å synleggjere korleis det er krevjande å ha kontroll på nøyaktig tal laks gjennom alle produksjonsledd, og kva utfordringar som finst i dei arbeidsoperasjonane som involverer telling. Samanhengen mellom større produksjonseiningar og krav til presisjon ved telling bør også belysast av næringa i høyringa.

Det er forventa at den nye forskrifta vil inkludere ein overgangsperiode slik at næringa får tid og moglegheit til å tilpasse seg dei nye krava.

Ta kontakt med vårt sjømat-team om du har behov for meir informasjon – våre advokatar har god kjennskap til regelverket og dei kommersielle realitetane den viktige sjømatnæringa står overfor!