Regelverk for akvakulturanlegg til havs

Lesetid: 3 min

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag til regelverk for utforming og utrusting av akvakulturanlegg til havs. Regelverksarbeidet regjeringa no set i gang med er altså eitt av mange nødvendige steg i retning av å kunne opne opp for etablering av havbruk lengre til havs. I dette forslaget til regelverk blir det foreslått ei ny teknisk forskrift for dei maritime innretningane, med føremål å vareta omsyn til personell, fiskevelferd, ytre miljø og materielle verdiar.

Det ligg eit stort potensial for industriutvikling i etablering av havbruk til havs. DNV har nyleg levert ein omfattande rapport med konsekvensutgreiing av tre konkrete område, Norskerenna sør, Frøyabanken nord og Trænabanken, for å vurdere effekten på områda av etablering av akvakulturanlegg. Rapporten skal på høyring, og saka skal vidare til vurdering i departementet før eventuell avgjerd om opning av områda. Ei avgjerd er venta til våren.

Det er mange utfordringar som må løysast før havbruk lengre ute i havet kan verte ein realitet, og dei fleste handlar om infrastruktur. Beredskap, spørsmål om settefisk, fôr og slakt må handterast. Det vil også bli behov for nye typar brønnbåtar, dimensjonerte for offshore. HMS er ei særleg utfordring knytt til dei som skal jobbe der ute, då miljøet er eit heilt anna enn innaskjers, med heftige bølgjer, straum og vind.

Det blir i høyringsnotatet stilt spørsmål om kva som er det mest hensiktsmessige regelverket for regulering av den maritime delen av akvakultur til havs, det som handlar om dei fysiske innretningane og dei som skal ha sitt arbeid knytt til desse. Å presisere at arbeidsmiljølova sitt verkeområde også gjeld havbruk til havs er foreslått. I tillegg er det ei alternativ løysing skissert i notatet, nemleg å legge det maritime regelverket til grunn.

Det vil i tilfelle bety å utvide skipssikkerheitslova og gjere dei tilhøyrande tekniske forskriftene gjeldande for havbruk til havs. Bakgrunnen for at dette regelverket kan passe for havbruksinnretningar til havs er at slike innretningar liknar på flyttbare maritime installasjonar som allereie i dag er omfatta av det maritime regelverket. Ein fordel med å legge skipssikkerheitslova til grunn for den maritime delen av innretningane til havs kan vere fleksibiliteten som ligg i lova til val av metodar, framgangsmåtar og bruk av teknologi. Lova legg vidare opp til eit høgt sikkerheitsnivå, noko som kan redusere uønskte hendingar, men kanskje òg auke innføringskostnadane for selskapa. Konsekvensane av dei ulike reguleringsalternativa vil vere sentralt å få avklart i høyringsrunden.

Høyringsfristen er 25. februar 2025, og høyringsnotatet kan lesast her.