Forslag til endringar i reglar for akvakultur på land

Lesetid: 3 min

Sjømatnæringa har venta lenge på forslag til regelendringar for akvakultur på land. I påvente av eit nytt regelverk har ikkje forvaltninga gitt nye løyver til landbasert oppdrett sidan 2022, og det nye regelverket har tatt lang tid å utvikle. Regjeringa har forklart dette med at det er viktig å sikre tilstrekkeleg utgreiing av forslaga før dei blir sende på høyring.

I slutten av august kom forslaga endeleg på høyring, og høyringsfristen er 21. november. Her kan du lese høyringsdokumenta og gje innspel til det departementet foreslår.

Høyringsforslaget legg opp til ei endring av laksetildelingsforskrifta og akvabiosikkerheitsforskrifta, samtidig som retningslinjene frå 2019 for behandling av søknadar om akvakultur på land er foreslått oppheva.

Endringa i laksetildelingsforskrifta inneber ei presisering av krav til kva som skal reknast som "akvakultur på land" etter laksetildelingsforskrifta. Departementet vurderer eit akvakulturanlegg til å vere på land "dersom anlegget står på fast grunn eller på utfylte masser som ikke er dekket av vann, og videre at et akvakulturanlegg klart vil være i sjø dersom produksjonsenheten(e) flyter i sjø, står på sjøbunnen, eller er omsluttet av sjø" (Høyringsnotatet kap. 5.1.). Med formuleringa "ikkje dekka av vatn" vil departementet innføre eit skilje mellom område som er dekka av vatn som følgje av variasjonar i tidevatnet – desse skal reknast som i sjø. Medan område som står på grunn, men berre periodevis er dekt av vatn som følgje av særskilde hendingar som flaum eller liknande – desse vert rekna for å ligge på land.

Forslaget til endring i akvabiosikkerheitsforskrifta inneber konkret å innføre krav om desinfeksjon av inntaksvatn for akvakulturanlegg på land med føremål om å avgrense risiko for spreiing av smittestoff. Dette kravet skal gjelde uavhengig av art eller type anlegg. Bakgrunnen for kravet er den nære tilknytinga til sjøen for oppdrettsanlegg som fysisk ligg på land, men som har inntaks- og/eller avløpsvatn slik at det omkringliggande miljøet kan verte påverka.

Dei nye forslaga endrar ikkje dagens rettstilstand om krav til at areal for akvakultur på land skal vere i samsvar med planar etter plan- og bygningslova.

Forslaga om tydeleggjering av kva som er akvakultur på land vil ikkje påverke anlegg som allereie har fått løyve til oppdrett på land. Dei nye desinfeksjonskrava vil gjelde ved etablering og ved vesentlege endringar av landbaserte anlegg.

Tidsperspektivet for innføring av det nye regelverket er avhengig av høyringssvara og om det blir behov for å gjere endringar i departementet i etterkant. Truleg vil det tidlegast bli opna for konsesjonssøknadar til landbasert oppdrett andre halvår 2025, med mindre Stortinget grip inn og framskundar arbeidet.

Har du spørsmål om innhaldet i dei nye reglane, eller treng bistand til å utforme høyringssvar, ta gjerne kontakt med oss.