Endra klagebehandling i fiskeri- og havbrukssaker

Lesetid: 2 min

Fiskeri- og havministeren varsla i pressemelding 16. september at klagesaksbehandlinga i fiskeri- og havbrukssaker skal vurderast på nytt. I påvente av ei slik utgreiing tek departementet over behandlinga av alle fiskeri- og havbruksrelaterte klagesaker der Fiskeridirektoratet er førsteinstans.

Endringa skjer med verknad frå måndag 16. september 2024.

Bakgrunnen for endringa er ein uttale frå Sivilombodet i 2023. Uttalen gjaldt konkret spørsmål om klage i innsynssaker etter offentleglova, men Sivilombodet tok prinsipielt opp spørsmålet om avstanden er tilstrekkeleg stor mellom førsteinstansen i klagesaka (Fiskeridirektoratet) og den nye klagesakseininga i direktoratet. Klagebehandlinga i fiskeri- og havbruksforvaltninga vart endra i samband med omorganiseringa i Fiskeridirektoratet i 2022. Før omorganiseringa blei en stor del av klagesakene behandla av hovudkontoret til Fiskeridirektoratet, med regionkontora som førsteinstans. Ein del av tanken med opprettinga av ei eiga klagesakseining var å skape eit større skilje enn det var mellom region- og hovudkontoret. Det kan no vise seg at denne omorganiseringa ikkje var tilstrekkeleg.

I uttalen frå Sivilombodet i september 2023 skriv ombodet:
«Sivilombudet har på generelt grunnlag og av eget tiltak undersøkt betydningen av Fiskeridirektoratets organisering for behandlingen av innsynssaker. Ombudet har rettet tilsvarende undersøkelser mot Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Tolletaten, Statens Vegvesen (og mer begrenset) mot Skatteetaten. Saken har reist spørsmål om innsynssaker er sikret en reell to-instansbehandling. (…) Ombudet har kommet til at Fiskeridirektoratet er ett forvaltningsorgan etter offentleglova. Ombudet mener at Klagesaksenheten i direktoratet ikke er et eget og overordnet forvaltningsorgan, og dermed heller ikke klageinstans etter offentleglova § 32.»

Etter denne uttalen endra Fiskeridirektoratet klagebehandlinga av innsynssaker, men behandlinga av fiskeri- og havbruksrelaterte forvaltningssaker gjekk framleis til klagesakseininga i direktoratet.

At departementet no dreg i bremsen og tek over klagebehandlinga også av pågåande forvaltningssaker reiser fleire rettslege spørsmål som myndigheitene bør gje svar på. Kva skjer med framdrifta i dei pågåande sakene som er under behandling? Korleis sikre likebehandling når eit nytt forvaltningsorgan tek over sakene? Og kva vil konsekvensane verte for allereie behandla klager dersom departementet konkluderer med at organiseringa av klagebehandlinga ikkje har vore i tråd med god forvaltningsskikk? Eit anna spørsmål er kva konsekvensar dette i tilfelle får for andre forvaltningsorgan som har organisert seg tilsvarande, til dømes Mattilsynet, som har mange klagesaker knytt til fiskeri og havbruk.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål knytt til di klagesak, eller behov for meir informasjon om den nye klagebehandlinga.